Tre veker med nye tysnesingen.no

Publisert av: Vegard Aslaksen
23/3/2018 19:48

Det er no tre veker sidan tysnesingen.no lanserte ny side.

Sjølve omlegginga gjekk smertefritt dei fyrste 5 dagane heilt til ein database server tok kvelden. Her mista me dessverre noko data frå forrige backup men leverandøren av sida fekk opp att tysnesingen.no same dagen. Me vonar dette ikkje skjer igjen.

Mottakinga av sida under kickoffen på Mandelhuset var svært god. I tillegg har me fått mange gode tilbakemeldingar frå dei me har snakka med. Me har også fått konstruktive tilbakemeldingar på mindre justeringer layoutmessig. Dette set me pris på og vil forsøka å gjera noko med i samråd med leverandør av sida.

Men ikkje alle var like godt fornøgd med den nye sida til tysnesingen.no. Svært mange har gjeve si vurdering av sida under “Di meining”. 533 personar har stemt. Her lyt me berre ta inn over oss at 52% likte den gamle sida mykje bedre medan resten synes å verka fornøgd. Når me gjekk inn i arbeidet med å fornya oss hadde me ordtaket “til lags åt alle kan ingen gjera” klart framføre oss. Men målet var jo sjølvsagt å gjera flest mogleg til lags. Når det er sagt var det heilt nødvendig å tenkja nytt for å gjera sida meir leselig på mobil.

Det avanserte analyseverktøyet som fører statistikk på den nye sida syner at det har vore 26 000 sidevisninger sidan omlegginga. Når rapportene viser at meir enn halvparten vitjar sida frå mobil eller nettbrett – bekrefter dette at tysnesingen.no var heilt nøydd til å ta grep og gjera den nye sida meir mobilvenleg.

Forandringa er nok stor for mange som er van med berre å bruka PC. Men me både trur og håpar at når ein blir van med den nye sida så “e ho ikkje så værst” likavel. Noko forbedringer ser me sjølve og konstruktive innspel tar me alltid i mot. Det viktigaste for oss er å klara å fylla sida med innhald som fengjar lesarane.

No er det påske og difor passar det bra med ei ny “Di meining”. Håpar du vil dela din påske med oss og fortset å send inn gode saker!

Helsing oss i Tysnesingen.no