Militærøving i Onarheimsfjorden
2/2/2013 19:38
Frå midten av veke 5 til rundt midten av veke 6 foregår det ei militærøving i Hordaland. Primært held dei til i området vest for Bergen, men torsdag 31. januar vart nokre av fartøya observert i Onarheimsfjorden. Det vart blant anna observert fartøy utan lys, helikopter og mykje støy. Nokre av fartøya er også observert i Opsangervågen på Sunde.
Noreg er vertsnasjon for ei øving som heiter Dynamic Guard som er ei samarbeidsøving med Nato sin ståande marinestyrke (Standing Nato Maritime Group – SNMG1).
Dei to tyske fartøya FGS Spessart og FGS Hessen (som også har helikopter ombord) er i Noreg for å delta i denne øvinga.
Hovudmålet med operasjonen er at dei tyske styrkane får ein oppøvingsperiode etter eit sjefsskifte.
Nokre av korvettane frå Noreg som deltek er KNM Glimt, KNM Gnist og KNM Stein, samt logistikkfartøyet KNM Valkyrien.
Dette opplyser Jon Vaag Eikeland, fungerande presse- og informasjonsoffiser i Sjøforsvaret til tysnesingen.no laurdag kveld.