Nasjonal varslingsprøve

Publisert av: Martha Nygård Lande
6/1/2024 15:17

Klokka 12 onsdag 10. januar 2024 vert Nødvarsel på mobil og Sivilforsvarets varslingsanlegg over heile Norge testa i ein felles nasjonal varslingsprøve. Dette skriv DSB  (Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap) på sine nettsider.

Varslingsprøven vert gjort over heile landet, rundt klokka 12. Då testar Sivilforsvaret tyfonane med signalet “Viktig melding – søk informasjon”. Samtidig sender politiet ut test av Nødvarsel på mobil. Det betyr at mobiltelefonar i heile landet vil vibrera og spela av eit høgt lydsignal, samtidig som tyfonane uler. Ein tilsvarande test vart gjort i juni 2023.

Testen går ut til alle nyare og oppdaterte mobiltelefonar og einingar som befinner seg i Norge og som er kobla på 4G/5G.

Nødvarsel på mobil blir testa til heile befolkningen både for å gjera befolkningen kjent med korleis det vert opplevd å få eit Nødvarsel og for å sikra at systemet fungerar som det skal.

Du kan lesa meir på DSB sine nettsider her.