Årets frivilligfest!

Publisert av: Martha Nygård Lande
31/7/2019 16:00

Tysnesfest ynskjer også i år å visa kor viktige dei frivillige er for festivalen, og inviterer til frivilligfest.

Alle som stilte på dugnad, eller stilte med utstyr, eigedom, hus, hytte eller naust til nokon av våre artistar eller crew, er invitert, seier Tysnesfest.

Det vert lett program frå “scena”, enkel servering og god tid til å mimra om festivalen.

Årets frivilligfest blir på Mandelhuset laurdag 14. september klokka 18.30!

Klikk her for å sjå meir.