Gler seg over nøgde kundar

Publisert av: May Britt Meland
29/10/2019 19:36

Måndag 28. oktober kunne dagleg leiar i BKK Breiband, Ingrid H. Haaland, presentara årets kundeundersøking. Denne viser at Altibox kundar for 10. året på rad er dei mest nøgde breibandskundane.

Rask vekst på Tysnes

Allereie i 2006 vart breiband eit tilbod til folk på Tysnes. Utbygginga gjekk svært raskt første åra, og det var fiberbreiband i alle bygder før 2010. -Allereide i november 2012 vart kunde nr 1000 tilkobla!
Dagleg leiar i BKK Breiband, Ingrid H. Haaland, fortel at no har alle område med fastbuande i kommunen tilbod om fiberbreiband, i tillegg til dei fleste hytteområda i kommunen. I Tysnes kommune er det ca 1280 husstandar og 1560 Altibox-kundar. Dei fleste kundane er private, og omlag 300 av desse er hytter. 30 bedrifter i kommunen har Altibox fiberbreiband.

-For 10 år sidan var standard internetthastigheit 2/2Mbit/sek (opp/ned hastigheit). Dette har no auka til 100/100 og mange har 500/500. I alle bygder i vårt område har BKK Breiband kapasitet til å levera inntil 1000/1000Mbit/sek til kundane våre.

Det er færre som vel å ha fasttelefoni i huset no enn for 10-15 år sidan. Men vi merkar også at Telenor har varsla nedlegging av sine telefonlinjer, så ein god del kundar flyttar nummert over til altibox-abonnementet frå BKK Breiband, seier Haaland. -Då blir telfonlinja levert på same måte til telefonapparata, men over fiberkabel saman med internett

 

Pressemelding 28/10-2019

Altibox – partnarne: 10. året med de i mest tilfredse breibandskundane

 

Norges mest tilfredse breibandskundar tilhøyrer Altibox. Det er 10. året på rad med dei mest nøgde breibandskundane.

BKK Breiband AS er i Altibox-partnar i Etne og Tysnes.

-I BKK Breiband gler vi oss over resultata! Vi er stolt leverandør av tenestene, og takkar for tilliten frå kundane våre seier Ingrid H. Haaland, dagleg leiar i BKK Breiband.

Måndag 28. oktober la det uavhengige analysebyrået EPSI Rating Norge fram resultata frå årets undersøking av kundetilfredsheit og lojalitet i telekombransjen. Det vart trippelsiger for Altibox, som går sigrande ut av alle kategoriar: Breiband privat, breiband bedrift og digital-tv privat.

-Det å kunne halda på denne plasseringa i ein bransje med såpass tøff konkurranse, er imponerande. Altibox med partnarar har ei breibandsløysning som i større grad enn konkurrentane greier levara stabil og god internettoppkobling, seier dagleg leiar Fredrik Høst i EPSI Rating Norge.

Altibox leverer tenester til BKK Breiband AS, og til ei rekkje andre lokale leverandørar som blir målt av kundane i denne undersøkinga.

-Framtidsretta fokus på fiber i kombinasjon med at tv-løysinga også har lege nokre hestehovud framfor konkurrentane, gjer at Altibox står fram som meir innovative, meir nytenkane, og truleg ein meir rett stad å være kunde. Partnarane bidreg også til at ein er nærmare kundane, i alle falll om ein samanliknar med Telenor eller GET, seier Høst.

-BKK Breiband har framleis jamn etterspurnad etter fiberbreiband, og vi har nye kundar i alle bygder siste året. I Etne planlegg vi utbygging til Kyrping og Frette. Dette blir organisert av avdelingsleiar Torstein Kristiansen som satsar på ferdigstilling i løpet av 202, seier Haaland.

I år ga Altibox-kundane ein score på 69,6 poeng på tv, 68,6 poeng på breiband og 74 poeng på breiband i bedriftsmarknaden – og sendte dermed partnarskapet til topps i alle kategoriar.