Flott tur til Gåsavatnet

Publisert av: May Britt Meland
30/10/2026 08:23

Torsdag 29. oktober gjekk Torsdagsturen frå Flatråker til Gåsavatnet.

Ein nydeleg hausttur i mildt, stilt og ikkje minst opplett vêr.

På sånne dagar kjenner me oss berre heldige.

Heldige som kjem oss ut på tur, heldige som får oppleva så flott natur og heldige som får gå ilag med så gode og inkluderande folk.