Publisert av: May Britt Meland
29/8/2025 13:46
Flott tur til Vasstøl
Torsdag 28. august gjekk turfølgje på 10 personar ein flott tur til Vasstøl. Etter ein god matpause i idyllen ved vatnet, gjekk me ned igjen via Tveitevegen.

På vegen passerte me Hestasteinen, Jomfrustolen og Selabotskjelda. Då var det veldig kjekt å ha med kjentmann Leif Magne Hovland som kunne fortelja historia bak desse finurlege stadane og skilta langs stien.


Uansett kjelde, eller ikkje, så er det verkeleg selabot i å koma seg ut i frisk luft og nydeleg natur i lag med kjekke folk.
