Illustrasjonsbilete

La humla suse

Publisert av: Martha Nygård Lande
24/5/2021 12:04

Har du lyst å lære meir om korleis du skal få humla til å trivast i hagen din?

Onsdag 2. juni kan du være med på eit digitalt kurs, der du vil få ei forståing for korleis humler og andre villbier lever, kor viktig det er med flora som er typisk for staden du bur, og korleis ein kan gjeninnføra blomsterenger.

Tap av naturmangfald og pollinerande insekt er ei stor utfordring, og no kan du vera med å hjelpe, ved å tilby både mat og bolplass.

Kurset er praktisk retta med konkrete tips til plantevalg og korleis du enkelt går fram for å tilrettelegga for ville pollinatorar.

Illustrasjonsbilete

 

Nors Botanisk Forening er ein annan stad du også lese meir om korleis du går fram for å lage ei blomstereng, stor eller berre eit lite område.

Blomsterenger er vakre, fargerike og ikkje minst lettstelte.  I tillegg er dei ein oase for sommafuglar, humler og hagefuglar. Og frøa kan hentast i vegkanten der du bur, heilt gratis.