Aktivitetar i tentipien på E-brygga

Publisert av: May Britt Meland
5/8/2022 18:50

Søndag vert det marknad i tentipien frå kl 11 til 14.30. Det blir mulig å kjøpe brød, boller, ost, pølser, olivenolje, og mykje meir!

Her kan ein finna utstillarane Evas mat, Fru Aarvik, Myrdal gard, Garden på Dalland og Lygre Livsgard. Tar du sundagsturen innom her, kan du sikre deg ein nysteikt bolle eller brød, kanskje ein brunost av geit, eller Eva’s gode olivenolje? Kanskje ei varm pølse i handa kan friste? Eller Myrdal’s gode ost?

Og om du ynskjer, kan du avslutte dagen i Våge med bingo! Kl 15 held Tysnes Ungdomslag bingo i tentipien.