3D printarar i aksjon! -Her vert det printa visir til helsevesenet. Foto. frå medlemmer i Facebook gruppa 3D-printere for assistanse til helsevesenet under Covid-19.

3D dugnad også på Tysnes

Publisert av: May Britt Meland
1/4/2020 20:49

Entusiastar som driv med 3D printing har drege i gong ein landsomfattande dugnad for helsevesenet. 16. mars i år vart det oppretta ei gruppe på Facebook. “3D-printere for assistanse til helsevesenet under Covid-19” heiter gruppa som no tel 2307 medlemmer.

Engasjert tysnesing

Tysnesingen Andreas Fauske har hatt 3D printing som hobby i fleire år, og har engasjert seg i ulike grupper på Facebook. Han fortel at etterkvart som utstyrsmangelen i helsevesenet vart åpenbar, såg ein at fleire utanlandske grupper starta å produsere mellom anna visir. -Dette er enkle ting som er lette å lage i store kvanta med 3D printarar, så derfor starta vi opp produksjon også her i Norge fortel Fauske. Enkelte printar også ut vitale delar til td respiratorar, men dette er komplisert. -Visir er som sagt enkelt, noko alle kan bidra med.

Ordføraren rosar initiativet.

Andreas Fauske tok kontakt med ordførar Kåre Martin Kleppe, slik at kommunen skulle være klar over tilbodet dersom ein fekk trong for det. Kåre Martin Kleppe fortel til Tysnesingen.no at Fauske no har bistått kommunen slik at dei får tak i 40 visir. Han rosar initiativet og seier at dette er heilt supert, og at kommunen er veldig takknemlege for hjelpa frå denne dugnadsgjengen!

Teng plast

Fauske sjølv har ikkje kapasitet til å produsere alle 40 visira som skal til Tysnes kommune. -Eg har printa 10 stykker, og resten har eg fått tak i frå eit anna medlem i gruppa som er busett på Os.
-No er eg i manko på kunstig plast til printeren, og ventar på meir. -Så om du skulle ha overheadark liggande kan eg nytta det!

Ta gjerne kontakt med Andreas Fauske om du vil donera nokre overheadark og støtta dette fantastiske tiltaket!

 

Her demonstrerer Britt Mehammer ved Tysnes legekontor eit 3D printa visir.
-Visiret i seg sjølv er ikkje godt nok, det skal brukast i tillegg til munnbind og hette, presiserer Mehammer.