Julegateopning i Våge

Publisert av: Vegard Aslaksen
30/11/2019 21:00

Mykje folk hadde samla seg i Våge til julegateopninga som Våge Sentrum hadde skipa til laurdag ettermiddag. Arrangøren bydde på gratis gløgg som vart servert utanfor Sjøly. Dette varma godt på ein kald november dag.

Jannike Epland Dalland ynskte folk velkomen og fortalde om kva som stod på programmet. Nissen var rett rundt hjørnet fortalde ho men etterpå skulle det bli både julemusikk framført av skulekorpset, lystenning og “premietrekning”. Her kjem eit lite bildedryss