Altibox har Norges mest nøde kundar

Publisert av: May Britt Meland
26/10/2020 21:24

For 11. år på rad har Altibox dei mest nøgde breibandskundane i landet.

-Vi er stolt leverandør av Altibox i Etne og Tysnes og gler oss over at kundane set pris på innsatsen vår for å tilby gode opplevingar, seier dagleg leiar Ingrid Haaland hos BKK Breiband As

Mandag 26. oktober la det uavhengige analysebyrået EPSI Rating Norge fram resultat frå den årlige undersøkinga av kor nøgde kundane er i breibands- og tv-bransjen.

Altibox går sigrande ut i alle tre kategoriar: Breiband privat, breiband bedrift og digital-tv privat.

-Altibox viser enno ein gong at dei tilbyr breiband og tv som er betre enn det konkurrentane har. Tilbakemeldingar tyder på at Altibox ligg eit lite steg føre konkurrentane når det gjeld å tilby løysingar som møter krav og forventningar frå kundane. Det er imponerande å liggja på topp 11 år på rad.

Eit stabilt og godt internett i kombinasjon med brukarvennleg tv-løysing gjer at Altibox står fram som ein påliteleg leverandør som er godt rusta til å ivareta telekomkundar i framtida, seier dagleg leiar Fredrik Haust i EPSI Rating Norge.

I år ga Altibox-kundane ein score på 68,2 poeng av 100 på tv, 68,7 poeng på breiband og 74,8 poeng på breiband i bedriftsmarknaden.

-Eg trur kundane set pris på at vi er i nærmiljøet og at Altibox har døgnopen kundeservice på sosialemedie, seier Torstein Kristiansen som er avdelingsleiar hos BKK Breiband Etne.