Coop ryddar Norge

Publisert av: Vegard Aslaksen
29/4/2019 12:56

Coop Prix Tysnes er ein av dei utvalde coopbutikkane som deltar i ryddeaksjonen «Coop Ryddar Norge» som blir arrangert denne veka. I forbindelse med den nasjonale strandryddeveka kan du henta gratis ryddeutstyr, og levere innsamla avfall i containaren som står på parkeringsplassen utanfor butikken. Dagleg leiar, Morten Christensen, fortel at mange allereie har henta seg utstyr for å ta del i aksjonen, som ikkje berre handlar om strandrydding. Ein kan fint rydda boss som har kome på avveier andre stadar også.

Har du ingen planar for 1 mai? Då kan kanskje du vera med å rydda Norge du også. Sekkar og arbeidshanskar får du på Coop Prix.