Frå dagens history på Tysnesfest sin instagramkonto.

10-årig stjerneskudd varmar opp for Matoma!

Publisert av: May Britt Meland
26/3/2019 20:09

Tysnesfest melder i kveld at Jonas Hansen aka DJ Axillar kjem til årets festival.

Etter at det unge talentet i fjor fekk treffa Alan Walker bak scena starta arrangørande å fylgje ha i sosiale media. -Me er utruleg imponert over kor flink han er, og det er ei stor glede å kunne tilby han ein plass på Tysnesfest 2019.

Øystein Vaage fortel at dei har sett fleire videoar når Jonas trer inn i rolla som DJ Axillar, og dei er imponert! -Det er ikkje berre vi som er imponert, for blant ein heil haug med kjende og ukjende artistar som føl han på Instagram, er blant anna Matoma! Me  snakka med MAtoma tidlegare i venter og spurte han om kva han tenkte om at vi vurderte å gje DJ Axillar speletid. Han digga ideen! Tysnesfest har rydda plass mellom Aurora og Matoma til ungguten frå Haugesund.