Startar opp med faste søndagsturar

Publisert av: May Britt Meland
21/9/2020 18:15

Turlaget skal starte opp med faste søndagsturar, og det er satt av den siste søndagen i måneden til dette.

Fyrstkommande søndag, 27. september startar ein litt roleg med ein familietur til Kyrkjevarden/ Nesevarden.

Start kl. 11:00.
Parkering og start nedanfor Hakkebakkestien på Neshamn.

Det er begrensa tal på parkeringsplassar, men vi håpar det ordnar seg. Om nødvendig må vi parkere i hovedveien.

Ein kan velge om ein vil kose seg i Hakkebakkestien, eller bli med til topps og nyte utsynet.

Tysnes Turlag stiller med turleiar!