Tysnes Sparebank Foto: Tysnesingen.no

Godt årsresultat for 2020 i Tysnes Sparebank

Publisert av: May Britt Meland
18/2/2021 09:31

Året 2020 vart eit godt, men spesielt år

Tysnes Sparebank kom godt ut av det spesielle året 2020. Resultatet før skatt er på 36 mill. kr., noko som er på same nivå som for 2019.

Inntektene til banken har auka med 5,5 mill.kr. i høve til 2019. Årsaka til inntektsauken er at fleire kundar har valgt Tysnes Sparebank som sin hovedbank, noko som har resultert i auka rente- og provisjonsinntekter.

«Vi er godt nøgde med resultatet for 2020, eit år som vart svært spesielt for alle. Det er i tider som no at vi ser at mange kundar ynskjer å bruke den lokale banken der det er lokalkjente medarbeidarar» uttalar banksjef Dag Sandstå.

 

Auke i misleghald og tapsavsetjingar

Banken har registrert auke i tal misleghaldne lån samanlikna med 2019.  Dette, kombinert med at banken har gått over til ny rekneskapsstandard (IFRS9), har gjort at det for 2020 er avsett om lag 8 mill.kr. til konstaterte og mogelege framtidige tap.

 

Framtidsutsiktene

Banken har hatt ein god start på året 2021. Det er god vekst, men driftsmarginane er under press.

«Det er framleis usikre tider med tanke på den økonomiske utviklinga for landet. Tysnes Sparebank er godt rusta i høve til dei usikre tidene vi er inne i» seier banksjef Dag Sandstå.

 

Utbyte for rekneskapsåret 2020

Etter sterke tilrådingar frå styresmaktene har banken i år innstilt på at utbytte per eigenkapitalbevis vert avsett til Utjamningsfondet slik at utbyte kan utbetalast på eit seinare tidspunkt dersom situasjonen tilseier det. Avkastning per eigenkapitalbevis er på 8,2 % for 2020.

 

Pressemelding frå Tysnes Sparebank 16.2.2021