Yuma Sun frå Bergen/Karmøy får 7 festivaljobbar
25/3/2013 09:11
Festival og musikkbransjetreffet “100dagar” gjekk av stabelen på Stord den 15.03 – 16.03. Arrangementet har bygd seg opp over fleire år, og årets arrangement var det femte i rekkja. Her spela 21 band showcaser på to scenar over to dagar, og over 15 festivalleiarar frå Vestlandet var samla. Eitt av hovudmåla med ”100dagar” er at “up and coming” band skal få spele for, og få møte, beslutningstakande festivalleiarar. Eitt anna mål er å få festivalleiarar til å møtes, bygge nettverk og skape eit godt samarbeidsklima på tvers av kommunegrenser.
VESTLANDSSATSINGA: Under fjorårets arrangement blei fleire av dei deltakande festivalleiarane samde om å saman gi eit band frå Vestlandet muligheit til å spele på fleire av festivalane og soleis vera eit springbrett for vidare musikksatsing. Dette bandet får ein heilt unik sjanse, og vil på dei ulike festivalplakatane bli omtala som Vestlandssatssinga: eit band som festivalleiarane i fellesskap har tru på, og ønskje om at skal nå langt. Så vidt me kjenner til er dette fyrste gong eit slikt samarbeid førekjem mellom festivalar i Noreg.
YUMA SUN blei under årets ”100dagar” valt ut som festivalane si fyrste Vestlandssatsing. Dei utmerka seg som eit heilt utruleg bra liveband, med sterke låtar og ein unik utstråling og kommunikasjon med publikum. Dei var også det bandet som under 100dagar sikra seg jobb på Hovefestivalen.
YUMA SUN blir dermed å sjå på følgjande festivalar i sumar: Skånevik Bluesfestival, Periferifestivalen, Festidalen, Vikedal Rootsfestival, Tysnesfest og Stordfest. Legg ein til Hovefestivalen, så får altså YUMA SUN 7 spelejobbar.
På vegne av alle desse festivalane gratulerer me YUMA SUN. Me håpar dei utnyttar sjansen dei har fått og me ynskjer dei ei lovande musikkarriere.
Stordfest v/Haakon Vatle; Skånevik Bluesfestival v/Alf Warloe; Tysnesfest v/Sigvard Madsen; Vikedal Rootsfestival v/Kjetil Ulland; Periferifestivalen v/Ole Rasmus Øvretveit; Festidalen v/Daidalos Dahle
NB: Veka etter 100 dagar blei YUMA SUN også kåra til “ukas urørt”. Dei har tydelegvis medvind på fleire frontar!