Ynskjer fleire DNT-ambassadørar

Publisert av: May Britt Meland
15/1/2020 13:14

Det nyoppretta Turlaget dreg i gong sitt aller fyrste kurs neste måndag, 20. januar.

Ambassadørkurset er for dei som er medlem i DNT, og er eit gratis kurs.

-Kurset er det fyrste steget på vegen til å bli frivillig, eller ta turleiarutdanning i DNT, fortel laget på nettsida si.

Kva er ein DNT-ambassadør?

Ein DNT-ambassadør er eit aktivt DNT-medlem som har god kjennskap til DNT og Tysnes Turlag. DNT-ambassadøren er godt skikka til å profilere Tysnes Turlag på stand, ulike arrangement og turar. DNT ambassadørkurset eignar seg òg for tillitsvalgte og andre som ynskjer bedre kunnskap om DNT og TT.

 

Påmeldingsfrist til fredag 17. januar kl 12.

Du kan melde deg på til
hogestolr@gmail.com eller sms/ring 95551807.

Husk at kurset er gratis for alle DNT medlemmer!

 

Følg gjerne Tysnes Turlag på Facebook, og hald deg oppdatert om aktivitetar som kjem.