No kan Ordføraren vigsla deg

Publisert av: Vegard Aslaksen
5/3/2018 23:32

Enten i Rådhuset, eller ute i det fri!

Tysnesingen møtte Ordføraren vår, Kåre Martin Kleppe, for ein prat angåande tema om borgarleg vigsling.

Frå 1. januar 2018 krev Stortinget at alle Kommunar i landet skal kunne tilby innbyggjarane sine moglegheita for borgarleg vigsling.

I Tysnes Kommune er det Ordføraren, Varaordførar og Rådmannen som har fullmakt til å vigsla folk. Ordføraren seier at dei allereie har fått mange bookingar frå ektepar som vil gifta seg borgarleg. Dersom det vert veldig travelt utover sumaren, må kanskje fleire enn dei tre nemnde ta del i del rolla som vigslarar.

Vigsels seremoniar ute i flott natur.

Vigslingane vil i hovudsak gå føre seg i Kommunestyresalen i Uggdal, men for dei som ynskjer det, er det fullt mogleg å ta den høgtidlege seremonien ute i naturen, som til dømes oppe på ein fjelltopp.

– Men slikt krev tid av politikarane, og det vil ha sine begrensningar kor ofte ein kan fere opp på Såtetoppen for å vigsle folk, seier Kleppe. Dessutan vil slike uteseremoniar føre med seg ein del ekstra økonomiske utgifter.

Nytt oppsett i kommunestyresalen.

Kommunestyresalen kjem til å få nye møblar, og faste ritualar med bestemt bekledning, kjem til å verte gjeldane framover. Ordføraren legg til at dei til no ikkje har vigsla nokon. Dei må fyrst få opplæring i vigslingsprosessen, noko som ikkje skjer før seinare utpå vårparten. Salen har kapasitet til å ta imot ca. 30 gjester.

Borgarleg vigsling har ikkje tilknyting til noko tru eller religion, og heller ikkje til seksuell legning. Dette er noko Ordføraren syns er ein fin ting.

Tysnesingen lurar på om Ordføraren nokon gong har vore i eit borgarleg bryllaup. Til det svarer han at, ja, det har han. Ikkje under sjølve seremonien, men under selskapet etterpå, der han var toastmaster.

Gifte seg til sjøs?

Ifølge gamal sjøfartstradisjon hadde kapteinar vigsels myndigheit, slik at mannskapet kunne inngå giftemål sjølv om dei befann seg langt heimanfrå, på ukjent farvatn over lengre tid. Denne tradisjonen vart det dessverre slutt på i 1995. Ein kan framleis gifte seg om bord på skip, men då må ein ha med seg innleia prest eller dommar.