Tysnes kammerkor har vore ein flittig deltakar under songarstemnet/festivalen Syd Vest i Haugesund. Dette arkivbiletet er frå koret si framføring i Vår Frelsers kirke for nokre få år sidan.

Det er triveleg i kammerkoret

Publisert av: Martha Nygård Lande
6/3/2021 09:05
Pressemelding:

Gleda var stor og tydeleg då medlemene og dirigent Trent Bruner i Tysnes kammerkor kunne møtast igjen tysdag 3.mars.

Etter ein lang pause grunna dei strenge koronareglane har koret no fått klarsignal frå smittevernlegen i kommunen til å ha øvingar og aktivitet som tidlegare. Det har vore eit stort sakn hos songarane i fleire månader. No er optimismen og gleda tilbake, og koret ser fram til ein god vårsesong.

På øvingsplanen utover våren er programmet til ein konsert som er planlagt i slutten av mai. Innhaldet i konserten er songar og viser frå Nord Noreg med tekstar og musikk signert kjende artistar frå denne landsdelen. Mellom desse er Tove Karoline Knutsen, Trygve Hoff, Ola Bremnes og Halvdan Sivertsen. Eit spennande og fint program både for koret og publikum.

Nye medlemer
Koret øver kvar tysdagkveld vel to timar i OnarTun. Det er eit godt øvingslokale med rikeleg plass, topp flygel og akustikk av beste sort. For koret er det svært kjekt at tre nye medlemer no er komne inn i korrekkjene. Det er viktig med ny rekruttering, og ikkje minst er det eit stort ynskje om fleire menn i kammerkoret.

Det er heilt sikkert mange fleire på Tysnes som vil finna glede i å vera med i koret, så dersom nokon har lyst til å vera med, er det berre å møta fram i OnarTun tysdagskveldane.

Interesserte kan elles ta kontakt på mobilnr. 99 33 11 68 dersom dei lurer på noko.

Du er velkomen, og forsking viser at korsong har mange gode verknader både på den fysiske og psykiske helsa.

Tekst og bilete: Hans Ole Dalland