World Cleanup Day

Publisert av: May Britt Meland
21/9/2019 16:03

I dag er det “World Cleanup Day”, og over heile verda er det ulike arrangement for opprydding av forsøpling i naturen.

Her på Tysnes har Rebekka Høgestøl teke turen til stranda. Denne stranda vart rydda av ein dugnadsgjeng i Mai i år. Trass dette, fann Rebekka heile 7 sekkar med boss i fjøra!

Ho vonar mange fleire vil nytta høvet denne nydelege dagen til å gjere naturen vår endå flottare med å ta seg ei rydderunde og plukke boss.

 

Her ser du litt av det som vart funne i dag.

 

 

Rebekka Høgestøl på dagens ryddeaksjon.

 

Det vart mange sekkar med boss.