Vinskvetten til Tysnesfest 2022

Publisert av: Martha Nygård Lande
9/2/2022 20:01

Endeleg kjem Vinskvetten til Tysnesfest!

Vinskvetten blei starta som ein revy i Salhus lenge før Tysnesfest var påtenkt. Ja, dei fleste som starta festivalen vår var ikkje påtenkt ein gong. Så det er eit band med ein fantastisk lang karriere bak seg som no kjem til Gjerstad arena.

Eventyret starta allerede i 1975. Mange av tekstene til Vinskvetten er knytta til eit eige univers, bygda Rothåla.

Du kan gle deg til klassikarar som «Ronny Bruvik», «No e da helg», «Dans på Grasdal» og «Tjo og Hei og Duddelidei».

Nokre av medlemmene i gruppa har vore hos oss før saman med Ausekarane, og då har det vore fullt hus og stormande jubel i Bermudateltet.

Vinskvetten speler i Bermudateltet torsdag 7. og fredag 8, juli 2022

Sitat Øystein Vaage:

Etter å ha hatt dei på plakaten i to år utan å kunna sleppa dei opp på scena er det no utrulig kjekt å endelig la Vinskvetten få utløp for sin spelelyst! Dei er spennklare og kjem garantert til å syta for god stemning, allsong og hæla i teltduken! 

 

Til no er følgande artistar lansert til Tysnesfest 2022:

 

Gjerstad: 

Torsdag: Staysman, Halva Priset, Hagle, Soppgirobygget, Plumbo

Fredag: CC Cowboys, Chris Holsten

Laurdag: Ronan Keating (IE), Synne Vo, TIX, Kjartan Lauritzen

 

Andre arenaar:

Vinskvetten