Vil du vera med på teatersport?

Publisert av: Martha Nygård Lande
3/6/2021 20:48

Går du i 8. – 10. klasse, gut eller jente, kan du vera med på gratis kurs i teatersport.

Dersom det blir nok påmeldte skal kurset vera i Tysneshallen, slik at ein får god plass. Dersom det ikkje blir så mange, vert det på Treffstaden. På kurset blir det øvingar og leikar, som er både kjekke, morosame, kreative og lærerike.

Det skal vera tre øvingskveldar, som vil vare 2 timar kvar gong. Det blir ikkje noko framsyning .

Frist for påmelding er søndag 6. juni.

Instruktør på kurset er Nora Nikolaisen.

Her kan du lesa meir om kor tid kurset skal vera, og påmelding.