FOTO: TYSNES SKULEMUSEUM

Ynskjer meir aktivitet i Skulemuseet

Publisert av: Martha Nygård Lande
8/9/2019 09:00

Skulemuseet i Solheimsdalen har denne sommaren hatt besøk av fleire grupper, fortel Hans Tore Brekke. I juni var Tysnes Bygdekvinnelag der. Det blei ei triveleg samling, med 23 interesserte gjester tilstades og tid til både mat, prat og utveksling av nye idear for museet.

I juli var Tysnes Omsorgssenter på besøk i det gamle skulehuset. 8 pasientar og pleiarar hadde ei triveleg stund med både omvisning og matpause, slik at det også blei god tid til prat om skulegong før i tid samanlikna med no.

For fjerde gang la Pilgrimsvandrarane turen sin innom Skulehuset, i samband med Olsokfeiringa på Onarheim.

Hans Tore Brekke fortel vidare at dei har byrja å planleggja eit sanitæranlegg i uthus, slik at Tysnes Skulemuseum kan ta i mot fleire gjester og utvida aktiviteten. Arbeidet er i gong med å søkja om midlar til dette prosjektet, og dei har fått ei gladmelding frå Tysnes Kraftlag om at dei vil vera med og delfinansiera eit sanitæranlegg ved Skulemuséet. Me er no mykje nærare å kunna realisera denne drømmen som me har hatt i fleire år, seier  Brekke.

Ei anna inntektskjelde er loddsalg. Solheimsdalen Grendelag hadde basar i skulehuset kvar Skjærtorsdag frå 1960-talet og fram til 1986. Mange frå heila øya kom på denne basaren og fleire har spurt oss om me vil gjenoppta tradisjonen. I fyrste omgang blir det berre “basar på bok”, altså loddbok, men ikkje basar, seier Brekke.

Ein lyt ta eit steg om gongen ettersom me er eit veldig lite grendelag.

Me har mange fine gevinstar, mellom anna ein heimastrikka genser, så det er berre å sjå etter oss på butikkane, dersom ein har lyst å kjøpa lodd. Trekning blir 30. september.

 

Me har også planar om ein open dag, i samarbeid med Onarheim Idrettslag, vedrørande den nye skistova ved Løkjen.

Foto: Hans Tore Brekke