Innfelt arkivfoto: Butikksjef Morten Christensen og Vigdis Christensen

Bli med og rydd

Publisert av: May Britt Meland
10/9/2021 12:46

Tysnesingane er kjempeflinke!
Morten Christensen, dagleg leiar ved Coop Extra Tysnes, fortel om eit imponerande resultat ved siste ryddeaksjon, som var i 2019. -Vi fekk ein stappfull container, og eg trur det var over 1000 kg, seier Christensen. Dette gjorde at Tysnes plasserte seg blant dei som leverte inn mest boss av alle deltagane Coop butikkar.

Kvart år er det 250 utvalde Coop butikkar som får delta i den nasjonale oppryddingsaksjonen, Coop Rydder Norge. Ryddeaksjonen er frå 11. til 19. september og blir gjennomført i samarbeid med Hold Norge Rent og Retura.

-Det er bare å stikka innom oss, då får du gratis ryddeutstyr! Innsamla avfall leverer du i containaren som står på parkeringsplassen utanfor butikken. -Enklare blir det ikkje!!

I år har eg vore skikkeleg “på” for å få med flest mogleg på dette, seier ein engasjert Christensen. Vi har fått med alle barnehagane, og 60 skuleelevar.

Vi oppmodar alle som har høve til å delta i ein felles ryddedugnad!

Husk å dele bidraget ditt på sosiale medier med #coopryddernorge!