25 badarar på vinterbadinga i dag!

Publisert av: Vegard Aslaksen
30/11/2019 15:14

Klokka tolv i dag var det duka for nok ei vinterbading frå bryggja ved Mandelhuset. Heile 25 badarar hadde manna seg opp til eit iskaldt bad denne laudagen. Dette var ny rekord. Etter eit forfriskande bad var det servert varm kakao og suppe på Mandelhuset slik at ein fekk varmen i seg att. Tradisjon tru var det gjettekonkurranse på badetemperaturen. Temperaturen vart målt til 7 grader og den som tippa nærmast var Per Verner Aase som tippa 7,5 grader.

Gjekk du glipp av vinterbadinga? Siste laurdagen i desember blir det ein ny moglegheit:)