Publisert av:
29/11/2010 18:32
Vil leiga ut
Tysnes Røde Kors Hjelpekorps skal rehabilitera og byggja om gamledelen av korpshuset sitt på Gjerstad. Denne delen vil dei leiga ut til interesserte.
Det skal bli to lokale på ca 50 kvadrat som hjelpekorpset ynskjer å leiga ut.
– Det vil bli ein felles garderobe og toalett. Det eine lokalet vil få eit kontor på om lag ni kvadrat. Begge lokala vil ha eit vindu og ein industriport, fortel Irene Røssland til Tysnesingen.
– Om du er interessert i å leiga lokale hos oss, ber me deg gje tilbakemelding snarast på telefon 45667801 eller 45667802, sluttar ho.