Multiconsult er rådgjevar ved riving og bygging av eit bygg for mellomtrinn ved Tysnes skule. Foto: Multiconsult

Multiconsult blir totalrådgjevar for nytt skulebygg på Tysnes

Publisert av: May Britt Meland
21/1/2020 21:19

Pressemelding

Rett før jul skreiv Leigland Bygg totalentreprisekontrakt med Tysnes kommune på riving og bygging av eit bygg for mellomtrinn ved Tysnes skule. Multiconsult er valt som totalrådgjevar i prosjektet.

Prosjektet på Tysnes skule i Vestland fylke går ut på å riva eksisterande bygg for mellomtrinn og gymnastikksal, byggja nytt mellomtrinn på ca. 2100 m2 og byggja om ca. 250 m2 i eksisterande bygg. Prosjektet har miljømål om å oppnå energikarakter A, og det skal byggjast eit flott utomhusområde. Heile totalentreprisekontrakten har ein verdi på om lag 70 millionar kroner eksklusiv meirverdiavgift for Leigland Bygg.

– Prosjektet på Tysnes skule passer godt inn i Multiconsult sin prosjektportefølje. Verksemda vert totalrådgjevar og skal prosjektera alle fagområde frå kontoret på Stord. Fordelen med å samla alle rådgjevarfag i eitt firma er færre grensesnitt og ansvarsforhold. Kommunikasjon og samhandling mellom fagområda blir enklare med alle prosjektmedarbeidarane samla i same lokale, men digital samhandling opnar også for effektivt å kunna nytta ressursar frå andre delar av Multiconsult, seier Steinar Kjerpeseth, seksjonsleiar i Multiconsult på Stord.

Grøn gjennomføring
Alle prosjekteringsmøte vil bli gjennomført på Stord for å ivareta ambisjonen om grøn gjennomføring av prosjektet. Reduksjon av unødvendige reiser er eitt av fleire bidrag til dette.

I prosjektet vil visualisering gjennom Virtual Reality-rommet på Stord bli brukt aktivt til å gjennomføra fagvise modellgjennomgangar og tverrfaglege kollisjonskontrollar. Stord-kontoret bygde VR-rommet i 2018, og har så langt gjort mange gode erfaringar knytt til tidleg å luka ut feil og manglar med bruk av VR i prosjektering.