Publisert av:
26/3/2009 21:09
Viktige bruer
I avisa Kvinnheringen denne veka var det ein artikkel om Ølve Bilsenter AS.
Dei to eigarane av bilverkstaden i Ølve uttrykkjer mellom anna at Grunnasundsbrua og Lukksundbrua er viktige for kundegrunnlaget deira.
– For oss var opninga av dei to bruene veldig viktige. Dei opna for eit større nedslagsfelt mot Tysnes og Fusa. I dag har vi såleis ein god del kundar spesielt frå austsida av Tysnes og frå delar av Fusa, fortel eigarane til Kvinnheringen.
Også bilberging har dei eit større georgrafisk område enn sjølve Ølve-området som dei skal dekkja, og bilberging er god sysselsetjing for dei tre som jobbar ved Ølve Bilsenter.