Kasta seg uti sjøen

Publisert av: May Britt Meland
10/12/2022 14:42

I dag var sesongens andre vinterbading for hardhausane i Tysnes Vinterbading. Det var 18 som bada, og 12 av desse varma seg i fyrstova før badinga. Dagens temperatur viste 9 grader i sjøen, og 7 minusgrader i lufta.

Christian Nome Lepsøe fortel til Tysnesingne.no at han vart imponert over at så mange kom i det kalde været.
-Denne gongen hadde vi også tre nykommarar!

Ein av dei var Didrik Thorbjørnsen, som du ser på fotoet under saman med Christian Nome Lepsøe. Han vart utfordra av Lepsøe då dei var i Kåre Martin Kleppe sin 30-årsdag for nokre veker sidan. Thorbjørnsen badar sjeldan, sjølv om sommaren. -Men han kom seg uti!

Her ser du endå fleire fryktlause sprekingar:

Foto: Tysnes vinterbading