Publisert av: Martha Nygård Lande
13/2/2021 11:47
Viktig informasjon: Kokevarsel for vassabbonentar i Uggdal
Grunna større vassforbruk enn me klarar å produsere må Tysnes kommune no sende ureinsa vatn ut på nettet i Uggdal.
Dette betyr at alt vatn til matlaging/drikke må kokast før bruk. Varselet gjeld til nytt varsel kjem.
Det er sendt ut SMS til alle abonnentar/eigarar med mobilabonnement. Dei som har kontantkort – og dei som leiger bustad vil ikkje få SMS.
Dersom ein har naboar/slektningar som kanskje ikkje får SMS er det fint om ein varslar disse på annan måte.