Stølsmarsj 2023

Publisert av: May Britt Meland
9/4/2023 08:36

6. april vart den 14. Stølsmarsjen arrangert. Folk kom i eige tempo frå Dalen, Solheimsdalen, Vågsmarka og Gjerstad.

Sidan sist var 420 m plank lagt ut i myrane rundt Gjerstadstølen og ein kan gå tørrskodd frå Dalen.

37 tilhøyrarar i Nina Amfi klokka 12 som fekk oppleva “face to face” sending i Gjerstad Nærradio.

10 songar eller deler av songar vart framført av ein forkjøla stølsutviklar. Kaldt og surt var veret, men ei dame på 80+ stilte for fyrste gong til sendinga kl.13. Imponerande!

Tekst og foto: Tore Økland