Veteranbil show

Publisert av:
21/9/2011 16:54

Bergen Veteranvogn Klubb har også medlemer på Tysnes. Klubben er også blitt eit fast innslag på Tysnesfest der dei stiller ut veteranbilar frå klubben sin.

Til helga blir det utstilling på Spelhaugen Torg i Fyllingsdalen (Auto23s lokaler) – klokka 10 – 18 laurdag og søndag. Billettpriser: Vaksne kr 100, barn kr 30, familie kr 200.

– Vi viser fram omlag 70 biler og motorsykler i eit omfang som spenne frå ein 1919 Ford buss til ein 2011 Porsche Speedster (byggenummer 23 av 356), fortel Carl A. Harbitz-Rasmussen til Tysnesingen. Han er gift med ei Tysnes-jente og håpar mange tysnesingar tek turen til utstillinga.

I ulike grupper vert tidligare kongebiler, luksusbiler, sportsvogner og komande klassikarar presentert.

– Dessutan blir det årskavalkader før og etter krigen i tillegg til ein diorama utstilling, der vi presenterer tidstypiske situasjonsbilder som; 50-talets drosjeholdeplass, 70-talets campingtur, 60-talets gutta på hjørnet osv. Det er eit familiearrangement der foreldre eller besteforeldre kan reisa tilbake i tid med den yngre garde, opplyser veteranbilentusiasten.