Illustrasjonsbilete

Ventar vaksine av typen Comirnaty i veke 11

Publisert av: May Britt Meland
12/3/2021 19:41

Her er hovudpunkta frå møte i kommunal kriseleiing (KKL) fredag 12. mars

Ingen ny tilfelle med Covid-19 på Tysnes i veke 9

I veke 9 fekk ein personar på Tysnes påvist Covid-19. Dette er importsmitte, personen er smitta utanfor Tysnes. To nærkontaktar sitt i karantene på Tysnes. Desse skal testast igjen før dei kan avslutte karantene. Det er ikkje avdekka nye smittetilfelle i Tysnes kommune etter 5. mars.

Koronavaksine

Vaksineringa med Astra Zeneca er mellombels stansa i samsvar med nasjonale føringar. Tysnes kommune har nokon ubrukte dosar med Astra Zeneza. Dei har god haldbarheit og vil bli oppbevart etter retningslinene.

Tysnes kommune forventar 8 hetteglas med vaksine av typen Comirnaty i veke 11.

Alle som får tilbod om vaksinering vil bli kontakta på telefon av legekontoret. Du finn oppdatert informasjon om koronavaksinering i kommunen her: Koronavaksine i Tysnes kommune

Tysnes kommune jobbar no med å skaffe ein digital løysing kor befolkninga kan melde seg opp til tidspunkt for vaksinering, etter kvart som me kan tilby vaksine til fleire.

LES MEIR PÅ tysnes.kommune.no