Populært med kundekveld

Publisert av: Martha Nygård Lande
21/11/2018 15:52

Tysdag kveld hadde Bok & Fritid, Tysnes blomster & interiør og Annes klær laga til kundekveld. Dette var tydelegvis populært, då det var mykje folk som var møtt fram. Butikkane hadde gode tilbud, og Lars Petter Epland spøkte med at dette er vår måte å ha «Black Friday» på, men berre mykje kjekkare.

 

Tysnes blomster & interiør viste korleis ein kunne lage fine juledekorasjonar sjølv.

 

Det var trangt om plassen i alle butikkane, og Anne Margaret Kleppe, Rannveig Ljostveit Helland og Jannike Dalland var fornøgd med kvelden, og synes det er kjekt at så mange kjem når dei lagar til dette. Folk nytta nok denne anledningen til å handla både julepresanger og litt nytt i julepynt til seg sjølv.

 

Alle som handla, fekk eit lodd og var med i trekninga av mange fine gevinstar frå dei tre butikkane.