Stemningfullt

Publisert av: May Britt Meland
8/7/2021 09:59

Gårsdagens konsert med Ruben på Solstråleøya vart ei magisk oppleving! Ca 400 publikummarar fordelt på 2 kohortar vart frakta med hurtigbåt til øya.

Vi har fått inn flotte lesarfoto, og ein kort stemningsrapport!

Fargerik lyssetting og lys frå mobilane til publikum gjorde stemninga nærmast litt trolsk inne blant den frodige vegetasjonen. Rundt om i det naturlege amfiet fann folk seg godt til rette.

Flott musikk frå Ruben, og også frå publikum som song med på fleire av songane. Ein fin start på Tysnesfest-isj både for eldre og yngre generasjonar!

 

Aina Hansen og Karianne Dalland Nesse kosa seg under konserten med nybakt sjokoladekake og prosecco i stettglassa!

Ei stor takk til arrangørane som var så raske i vendinga med flyttinga av konserten!