Vekas lokale vinnar

Publisert av: May Britt Meland
11/6/2021 21:16
Ordførar i Tysnes kommune Kåre Martin Kleppe har engasjert seg i Sykle til jobben kampanjen.
Tirsdag denne veka fekk han den kjekke meldinga om at han var trekt ut til vekevinnar for veke 22. Premien vvar eit gåvekort på Joker Uggal.

“Det er kjekt å vinna” seier ordføraren, på Tysnes kommune si Facebook side.

I følge kommunen si side har ordføraren teke beina fatt i desse heimekontor-tider, og går tur “nesten kvar dag”. Turmåla er fjelltoppar i Tysnes.

Dei lokale veke vinnarane vert trekt av Bedriftsidretten, arrangør av «Sykle til jobben», blant alle i Tysnes kommune som registrerte aktivitet i veke 22.