Brannsjef Torfinn Kongsvik (Foto: May Britt Meland)

Brannsjefen informerer

Publisert av: Hilde Marie Sæverud-Mehammer
12/6/2018 14:25

Regnet som har kome til no har dempa tørken noko, men framleis er det stor brannfare i skog og mark. Dette gjer at me letter litt på grillforbodet. Det er opp til den enkelte å vurdere brannfaren dersom ein vil grille i eigen hage enten ein brukar kull eller gass.

På offentlige plassar, i strandsona , på fjellet eller i skog og mark er det framleis forbod mot open eld. Dette omfattar også grilling og bruk av  eingongsgriller. Forbodet gjeld til det kjem nedbør av betydning, ei oppheving av forbodet vil bli annonsert.

Brannsjefen