Publisert av:
11/2/2014 10:14
Vegadresser
I 1996 og 2002 vart det gjordt vedtak på vegnamn i Tysnes kommune.
No har arbeidet med å sende ut endeleg informasjon om veg- og husnummer til huseigarane starta. Ein startar områdevis, og vil starte med Våge.
Kommunen vil setje opp vegskilt på dei ulike vegane, og reknar med at dette skal vere på plass i løpet av 2014.
Nummerskilt og evt. bokstav på huset er det huseigar sjølv som står ansvarleg for. Korleis ein skal plassere det og kva type skilt kan ein lese meir om her.
Det er ikkje høve til å klage på vegnamn, men det er høve til å klage dersom ein meiner ein er adressert til feil veg og/ eller meiner ein har fått feil adressenummer.
Les meir om saka på Tysnes kommune si heimeside.