Nytt artistslepp frå Tysnesfest

Publisert av: Vegard Aslaksen
27/11/2019 20:00

“Haust og vinter er ei tid der folk flest ikkje tenker så mykje på festival, men på Tysnesfestkontoret går det i festival heile året! Me har lenge vore i full gang med å planlegga neste års festival, men no har det gått litt tid sidan førre slepp, så då er det grådig kjekt å kunne sleppe heile tre artistar i eit jafs! Billettsalget går som aldri før denne hausten! Me la i år ut rekordmange 300 earlybird-billettar, og dei rauk i same sekund som dei blei lagt ut! Haustsalget av billettar til redusert pris når og nye høgder. Seinast 1. januar stig prisen på både dagspass og festivalpass, så folk må henga i for å sikra seg haustprisen.” Skriv dagleg leiar, Øystein Vaage i ei pressemelding.

HIGHASAKITE, STAVANGERKAMERATENE og KAPTEINEN er klar for Tysnesfest!

HIGHASAKITE


“Det mest helhetlige og gjennomført storslåtte man finner blant norske band i popsegmentet.”
Slik oppsummerte iTromso.no konserten tidlegare i vinter, då Highasakite besøkte nokon av landets største byar på sin utselte turné.
I Februar slapp bandet albumet Uranium Heart, til fantastiske anmeldelsar, blant anna terningkast 5 i Aftenposten og Dagsavisen. Ein skal ikkje høyra så lenge på radio før ein får med seg at Highasakite har mange låtar inne i A-listene til fleire radiokanalar.
Highasakite har blitt eit av våre aller mest folkekjære band, og dei har toppa plakaten på alle dei store norske festivalane. Dei har vunne flust med prisar, opptredd på Nobelkonserten, og turnert verden over fleire gonger.
Naturlegvis har dei og vore på Tysnesfest før, og no gler me oss til å ta imot dei igjen! Kjøp billett, spiss øyrene, og vær klar til å nyta!
Highasakite kjem til Tysnesfest fredag 10. juli 2020.

STAVANGERKAMERATENE


Kjartan Salvesen, Tommy Fredvang, Glenn Lyse og Ole Alexander Mæland er kvartetten som utgjer Stavangerkameratene. Me har lenge prøvd å få tak i dei, og endeleg klaffa det med kalenderen deiras! Tysnesfest 2020 får besøk av gjengen frå Stavanger, og snart kan du synga med på hits som “Bare så du vett det”, “Vil du shalala” og “Vekk meg opp” runga over Gjerstad Arena.
Det unike samarbeidet “Stavangerkameratene” oppstod i Stavanger sommaren 2015 då Kjartan, Tommy, Glenn og Ole Alexander skulle opptre på opninga av Volleyball-VM. I det dei gjekk på scena sa konfransier Stian Blipp: “Det er litt fristende å kalle dei Stavangerkameratene” og etter det har navnet blitt hengande ved dei. “Me har mykje sjølvironi, så det er berre deilig når det blir litt halvkleint, dessutan er det ikkje kvar dag ein blir døypt av sjølvaste Stian Blipp” Seier Tommy Fredvang.
Gled deg til ein fantastisk kjekk fredag 10. juli 2020!

KAPTEINEN


Kjell Øverland er ein tilsynelatande ganske normal fyr frå Stavanger. Men når han plukker opp eit instrument går han inn i rolla som “Kapteinen”. Kven er Kapteinen spør du kanskje? Det gjer du garantert ikkje etter Tysnesfest 2020!
Født i 1998 med ein brei inspirasjonskilde – alt fra Young Thug, Future, Drake og Travis Scott til popmusikk fra Michael Jackson, Prince og Ne-Yo. Kjell har vokst opp i eit hus fullt av jazz og funk, som har satt tydelege spor i musikkproduksjonen hans. Han er like talentfull i studio som på scena. Kapteinen debuterte med det Spotify meinte var ein av dei mest lovande låtene i sommar:
«Mr. Fantastique» som også fekk sin fortjente plass på spelelistene til P3, P3X og mP3. Responsen har vært enorm!
Han er ute med sin andre hitsingel: «Illusjon» som også er listet på P3! 2020 og åra som kommer blir bare mer og mer spennende for denne popstjernen!
Kapteinen kan du oppleva på Gjerstad laurdag 11. juli 2020

Til no er fylgande artistar lansert til festivalen: Highasakite, CC Cowboys, Hellbillies, TIX, Stavangerkameratene og Kapteinen.