Vart liggande på taket

Publisert av:
15/7/2017 06:55

Det var i 2-tida natt til laurdag  15/7 at det kom inn melding til naudetatane om ei ulykke nær Vadlasvingane.

Det var ein bil med fem personar som var hamna utfor vegen, og vart liggande på taket. Bilen var på veg frå Våge i retning Lunde då ulykka hende.

I følge Bladet Tysnes har bilen truleg kome over i feil kjørebane rett før den hamna på nedsida av vegen. Det er bratt terreng i området, og bilen vart liggande fleire meter nedanfor vegen.

110 melder på Twitter at alle personane var kome seg ut av bilen.

Det såg fyrst ut til at alle pasasjerane var utan skader, men seinare melder politiet at det viste seg likevel å vera personskade. Ein mannleg passasjer vart frakta til Haukeland sjukehus.

Det skal ikkje vere mistanke om promille.