Julemånaden er her!

Publisert av: Vegard Aslaksen
30/11/2018 19:00

I morgon skriv me første desember og jula nærmar seg med stormskritt. Ny di meining handlar denne gongen om juleførebuingar så sjekk ut svaralternativa på framsida og avgi di stemme.

Forrige di meining handla om å vera synleg i haustmørke der alternativa var;

  • har alltid ein refleks klar i lomma
  • brukar flittig refleksvest
  • sprayer glitter i håret
  • har ytterklede med innsydd refleks
  • har kjøpt blinke sko til heile familien

Av dei vel 200 “meiningane” var svaralternativa, flittig bruk refleksvest og alltid ha ein refleks klar i lomma som fekk flest stemmer.

Ut i frå stemmene er det også verdt å bemerka seg at det truleg er 29 familiar på Tysnes har kjøpt seg blinkesko for å gjera seg synleg i haustmørket.

God juleførebuing:)