Ny siger for Njardar

Publisert av: Dagfinn Sandvik
11/6/2018 08:20

4-0 heima mot Nordre Fjell vart ein aldri så liten tolmodighetsprøve, der me etter å ha sløst med sjansane i starten blir uvant unøyaktige og utolmodige med ball.
Bakover på banen har me uansett full kontroll 90% av tida, med unntak av nokre lange ballar og dødballar i mot.

 

Skader og forfall til kampen gjer at me må bruka spelarar i litt nye og uvante posisjonar, men dette blir løyst veldig bra. Spesielt av Børge som må spela venstreback for fyrste gang og 14 år gamle Øyvind som blir kasta innpå og gjer ein veldig bra jobb på venstrekanten. Øyvind har fått fleire og fleire minutt på seniornivå denne sesongen og det er kjekt å sjå at me får opp unge, gode fotballspelarar. Dessverre er me ikkje vant med å få opp ungdommar kvart år, men Øyvind er forhåpentligvis fyrste av fleire!

Fyrste omgang startar bra der me skapar fleire sjansar me ikkje får uttelling på. Blant anna headar Aksel et innlegg frå Roy like over frå 1m hold.
Me blir som nevnt litt unøyaktige og utolmodige i spelet vårt mot et lavtliggande bortelag, der ein veldig god midtstoppar plukkar det meste av våre forsøk.

 

Rett etter pause får me heldigvis uttelling. Et kjapt innkast på høgrekanten blir tatt ned av Roy som spelar fri Aksel som igjen finn Didrik på 6-7m. Didrik set enkelt inn 1-0.

Etterkvart produserar me fleire sjansar utan å få uttelling før Lasse fossar framover frå sentral midtbane og med ein lekker tunellpasning på motspelar sender Aksel åleine med keeper. Aksel er sikker som få og rettar opp sjansen han fekk på heading i fyrste omg. 2-0!

Ei lita stund etterpå entrar Arild Ebbesvik banen og er et friskt pust der han er involvert i fleire sjansar. Etter ei stund blir han spelt opp på høgrekanten der han kjempar seg forbi motstandaren sin og inn i 16meteren. Rett før han skal avslutta åleina med keeper blir han holdt igjen av forsvararen som fråtar Arild ein målsjanse, blir utvist og me får straffe. Straffeskytter Didrik gjer vekk straffen til Arild som er sikker frå 11m. og 3-0.

 

4-0 er dagens finaste mål der kaptein for dagen Lasse startar eit glimrande angrep sentralt i banen, spelar Roy fri på høgre som slår hardt inn langs bakken til Arild som hamrar inn sitt andre for dagen.

Ein aldri så liten sliteseier der me avgjer kampen i 2. Omgang. Me visar at me er godt trent og maler motstander i senk litt etter litt, uten at me spelar på vårt beste.

Dagens beste hos heimalaget: Aksel og Lasse på midten som er motoren i laget når ikkje alt stemmer ellers. Jobbar utrettelig som vanlig.

 

 

Tekst: Thomas Hagen

Foto: Dagfinn Sandvik