Onarheim bygdalag fyrte i bålpanna på Blåbærhaugen laurdag 13. mars. Foto: Kari-Ann D Leknes

Imponerande oppslutning

Publisert av: May Britt Meland
16/3/2021 18:34

Folk lot seg ikkje be to gongar då “startskuddet” for årets innsamlingsaksjon for Krafttak for kreft gjekk.

I perioden 8.-14. mars sponsa Alsaker Fjordbruk alle registrerte turar til Blåbærhaugen med 100 kroner. Både enkeltpersonar, vennegjengar, familiar, lag og organisasjonar har delteke. Nokre har gått ein gong, og mange har gått fleire gongar. Dette har vore ein vinn-vinn situasjon, både pengar til ei god sak og ein helsebringande tur i vakker Tysnesnatur.

Det endelege resultatet vart 1943 (!) som sjekka inn på toppen! Med andre ord 194 300 kroner til aksjonen!

Her ser du oversikta over registreringane dei ulike datoane:
Mandag 8. – 161
Tirsdag 9. – 427
Onsdag 10.- 255
Torsdag 11. -266
Fredag 12. -192
Laurdag 13. – 400
Søndag 14.- 242