Illustrasjonsbilete

Varsel om stenging av vatn i Våge/Tysnesområde

Publisert av: Martha Nygård Lande
22/1/2021 14:29

Tysnes kommune melder om stenging av vatn:

I samband med arbeid på hovudforsyninga for vatn i Våge tysdag 26.01, vil alle abonnentar kunne oppleva luft og farga vatn frå leidningsnettet.

 

Me anbefalar å spyle dette ut på ei utekran, eller på den krana som er nærmast vassinntaket i huset.

For enkelte abonnentar i Klypesbekken, Stølsvegen, Grovarvegen og Vågsmarka vil vatnet vera stengt mellom klokka 07.30 og 15.

For abonnentar aust for Svevågen (inkludert delar av Vågsneset, Godøysund og Gåsavika) vil vatnet vera stengt mellom klokka 15 og 18.

Det vert sendt ut SMS til abonnentar som vert råka av stenginga. Abonnentar som får vatnet stengt kan tappa opp naudsynt vatn til mat, drikke og forbruk på førehand.

Dersom det skjer noko uføresett under arbeida vert dette varsla via SMS.