Foto privat

Vårjevndøgn

Publisert av: May Britt Meland
20/3/2023 19:35

Frå no av vert dagane lengre enn natta. Ein merkedag for dei som lengtar etter sol og sommar!

I år feller vårjevndøgn på mandag 20. mars – heilt nøyaktig klokka 22:24 norsk tid.

Ved vårjevndøgn kan vi astronomisk sett vinke farvel til vinteren og ynskje vår, sommar og sol velkomen.

Fram mot sommarsolverv, vert dagane i gjennomsnitt tre minutt og 20 sekund lengre kvart døgn.

Meir om vårjevndøgn kan du lese på Store norske leksikon.