Frå venstre; Ordførar Kåre Martin Kleppe, fylkesordførar Anne Gine Hestetun og fylkesdirektør for samferdsel Haakon Rasmussen

Folkemøte om ferjesaka

Publisert av: Vegard Aslaksen
6/10/2018 21:34

Torsdag denne veka inviterte Tysnes Pendlarforum til folkemøte om ny ferjedrift etter at staten sine kontraktar går ut i 2020 og fylket skal overta ansvaret. Fylkesdirektør for samferdsel Håkon Rasmussen, fylkesordførar Anne Gine Hestetun og vår eigen ordførar Kåre Martin Kleppe hadde innlegg før ein opna opp for debatt og spørsmål i frå salen.

Om lag 90 personar hadde funne vegen til Tysneshallen for å delta på møtet og koma med innlegg og spørsmål til fylkeskommunen. Mange tok ordet under debatten for å belysa dei negative konsekvensane for både kvar einskild og Tysnes som samfunn med ny ferjedrift. Det var tydelig at mange var uroa over framtida med løysinga som fylkeskommunen har valt.

 

Prisen ein må betala

Hordaland er eit stort ferjefylke med 17 ruter, 700 daglege ferjeavgangar og mykje gamalt ferjemateriell. Etter å ha teke nokre strategiske vurderingar i 2015 valte den politiske leiinga i fylkeskommunen ei ambisiøs miljøsatsing i konkurransegrunnlaget for dei nye ferjekontraktane.  Resultatet er at alle ferjer vil vera elektriske eller ha hybridløysingar og om lag 60% av energiforbruket for å drifta  ferjerutene forsvinn. Dette betyr store investeringskostnadar på dei 17 ferjerutene i fylket, anten gjennom nybygg eller ombygging av nyare ferjer. I etterkant av kontraktstildelinga har ein sett att driftskostnadane med det nye ferjetilbodet vil kunna auka med opp mot 285 millionar i året. Dette er nesten ei dobling i forhold til dagens kostnad som er om lag 330 millionar.

Prisen ein må betala for denne miljøsatsninga er færre ferjeavgangar sidan ferjene treng lengre liggetid for å kunna lada mellom avgangane. For Våge – Halhjem ser ein på ein mindre avgang på kvardagar medan på Hodnanes – Jektevik kan det bli så mykje som 5 færre avgangar dagleg. I tillegg kan ein forventa ein 30% prisauke på bil m/førar, medan personar kan reisa gratis. Sett i lag med bompengar på nye E39 Svegatjønn – Rådal, vil dette kunna medføre ei dobling i reisekostnadar samalikna med dagens ferjetakst for dei som pendlar med bil nordover. 

Fylkesordføraren håpar ein vil få drahjelp med statlege midar til å redusera kostnadane men var tydeleg på at ein måtte kjempa ein kamp for å få til dette.

Leiar av Tysnes Pendlarforum, Bjarte Erstad, takka fylkesordføraren for at ho kom og sørga for at møtet vart avslutta tidsnok til at ho rakk ferjo heim igjen.