Våren er her! Tysnesfest slepp heile 5 artistar
28/3/2025 18:01
Me kjenner oss våryre og slepp like godt fem nye artistar til årets festival. Ein herleg miks av sjangrar, stemningar og publikumsfavorittar er no klare for scena på Gjerstad. Med dette byrjar programmet for 2025 å bli komplett – og me gler oss enormt til å samlast til musikkfest i hjarta av Tysnes denne sommaren!
Følgande artistar er klare for Tysnesfest 2025: Golfklubb, Vinni, Di Derre, TORA DAA og Izabell.
– Me jobbar hardt for at programmet skal ha noko for alle – og med desse fem artistane dekker me alt frå hiphop til moderne pop, rock og nostalgisk visepop. Me har framleis nokre godbitar på lur, men dagens slepp tydeleggjer kor stor breidde og kvalitet årets program har fått, erklærer festivalsjef Øystein Vaage.
Di Derre

Di Derre er lyden av norsk 90-talls-pop, og har gjennom over tre tiår fått heile Noreg til å synge med på slagere som «Jenter», «Rumba med Gunn» og «Syk». Gjennom sine låter har bandet introdusert oss for karakterer som Berger, Erik Vea, Gunn og Faren til Ivar – figurer som har blitt velkjente for mange nordmenn.
I dag består Di Derre av Jo Nesbø (vokal, gitar), Magnus Larsen jr. (bass), Espen Stenhammer (trommer), Halvor Holter (tangenter), Unni Wilhelmsen (gitar, vokal) og Lars Jones (gitar). Dette bandet, som Saltenposten har kalt «ein nasjonalskatt», har klart å holde musikken og konsertopplevinga levande, og dei fortsett å begeistra fans over hele landet.
Golfklubb
Golfklubb er kvartetten frå Asker som har herja på topplistene det siste året, blant anna med tre nr. 1-låter. 2024 har vært et avgjerande år for gjengen, som blant anna var ein av berre to norske artistar på lista over dei 10 mest streama artistane i Noreg.
På kort tid har dei blitt nominert til Spellemann og solgt ut sin første soloturné, inkludert show på Sentrum Scene, og dermed kapra sin plass i den norske musikkbransjen, gjennom eit nyskapende sound som mixer festmusikk med hip hop. Det blir garantert fest når Golfklubb inntar Gjerstad konsertarena.
Vinni

Vinni har satt sitt preg på den norske musikkscena i over 20 år med ikoniske låter som «Glorie», «Barcelona», «Lonesome Traveller» og «Sommerfuggel i vinterland». Både som frontfigur i Paperboys og med en imponerande solokarriere har Vinni vist at han er ein av landets mest rutinerte liveartistar.
Vinni meistrar å navigere mellom hiphop og pop og har alltid klart å fornye seg. No er det endå eit kapittell i Vinni sin lange musikk-karierre med ny musikk på vei i 2025. Vinni har med sitt kompromisslause, og unikt tighte band som leverer med en presisjon og energi som er vanskelig å matche når dei kjem til Tysnesfest i juli.
Izabell

Izabell har med meir enn 10 år som artist vore ein av drivkreftene i hiphopscena i Stavanger og vore med og starta det sagnomsuste STVG Kartell. Ein eksplosiv kraft på scena og med alltid noko nye spennande samarbeid er Izabell ein garantist for gode konsertopplevingar.
Izabell har delt scene med Karpe, og hennar eigen versjon av Attitudeproblem har vakt oppsikt langt utanfor Rogalands grenser. Superhiten Ka vett du har satt fyr på dansegolv frå nord til sør – og no er det Tysnes sin tur!
Det følger alltid ein eim av basstunge beats, snedige hooks og nye overraskingar der Izabell går, og under konserten til Izabell blir Tore Pang frå Kriminell Kunst med for å spre litt ekstra fyrverkeri.
TORA DAA

TORA DAA er eit fyrverkeri av eit band med gitarist og vokalist Tora Dahle Aagård i spissen. Ho er viden kjent for sitt unike talent, virtuositet, energi og lekne musikalitet, og bandet haustar ekstatiske meldingar for sine liveshow.
Det Spellemannominerte bandet består av Tora Dahle Aagård (gitar og vokal), Isak Seltveit (bass), Guri Tranås (kor), Anders Brønstad (gitar) og Magnus Galguften (trommer). Flesteparten av låtane er skreven av Tora sjølv, nokon i samarbeid med Andreas Dahle Aagård.
__________________________________________________________________________________________________________
Foreløpig program for Gjerstad Konsertarena:
Torsdag: TBA, Stavangerkameratene, Hagle, Carina Dahl, Vassendgutane
Fredag: TAUS, Di Derre, TORA DAA, Vinni, TBA, TBA
Lørdag: TBA, Tom Jones (UK), Storm Weather Shanti Choir, Tobias Steen, Izabell, Golfklubb