Gjengen på Klubben Fritio kosa seg på Kompasset

Publisert av: Martha Nygård Lande
16/2/2022 08:57

Gjengen som vi kjenner frå MAKA eller dagsenteret har no fått eit tilbud annankvar mandag.

Vi vekslar mellom Grendatun/Kompasset og når vi ser det i samanheng med aktivitetar på Os, har dei eit tilbud kvar veke.

Dette let seg gjere sidan vi har fått to nye frivillige og 15 000 kroner frå Kraftlaget.

Mandag kveld var første kveld på Kompasset og Ragnhild og Henny arrangerte ringspel før maten og dans etterpå.

Som vanleg vert det fullt på dansegolvet når Ausedansen ljomar ut frå spelelista.