Tysnes Politistasjon. Skjemdump Google Street View

Våpenamnesti

Publisert av: May Britt Meland
29/1/2023 11:44

Frå 1. januar til 1. juni 2023 er det våpenamnesti i Norge. Det betyr at personar som har uregistrerte våpen kan levere dei til politiet utan å bli straffa for brot på våpenlova. Typisk kan dette vere våpen ein har arva. Våpenamnestiet blir innført for å førebygge kriminalitet og alvorlege ulykke.

Skal ein levere våpen til politiet så er det viktig å undersøke at våpenet ikkje er ladd, og pakk ned våpenet før det blir transportert. Sprengstopp, granater, krutt og fyrverkeri skal ein ikkje ta med til politiet.

Innlevering på Tysnes

Marita Flemmen Skogvoll, Tenestestadsleiar/ politikontakt Tysnes, fortel at ein kan levere inn våpenet/ våpena ved Tysnes Politistasjon.
Fast opningstid er torsdagar kl. 09-14, i tillegg til at stasjonen ofte er open andre vekedagar.

Det beste er å ringe for avtale på førehand.

 

Skjermdump frå politiet.no, Tysnes politistasjon